Fortsettelse av tema pasientskader fra nr. 3-2012

Tida er inne for eit administrativt Global Trigger Tool

I førre nummer av bladet argumenterte underskrivne og Anders Baalsrud for at verktøyet Global Trigger Tool (GTT) treng ei kraftig oppgradering før det vil vera til gagn for norske pasientar.

Innlegg av Haldor Slettebø, overlækjar Oslo universitetssykehus

I dag er GTT så unøyaktig og oversensitivt at det demotiverer helsepersonell og neppe bidrar til å gjera helsetenestene tryggare. Verktøyet er dessutan eindimensjonalt ved å konsentrera seg om behandlingsnivået åleine. Metoden fortel altså inkje om forsømingar på overordna nivå. Leiaransvaret og rammevilkåra er utegløymt. I det siste har me fått fleire påminningar om kor viktig den innfallsvinkelen er: Ahus-skandalen og hjartekirurgi-saka i OUS.

Sidan sist er det kome fram at GTT-talet på dødsfall relatert til feilbehandling gjekk ned med 40% på eitt år, frå 4700 dødsfall I 2010 til 2900 året etter. Helseministeren finn dette oppmuntrande, eller som han seier på regjeringen.no:

«Dette er oppløftende tall som viser at innsats nytter! Vi har nå full åpenhet om kvaliteten ved norske sykehus, også når noe går galt.»

Dette er jo fantastisk når me tenkjer på at Pasientsikkerhetskampanjen tok til først den 27. januar 2011. Fabelaktig, ja nesten som eit eventyr.

Ein nedgang på 1800 dødsfall skulle tilseia ein reduksjon på 4,4% i dødsfall på landsbasis! Men SSB registrerte berre 100 færre dødsfall I 2011, det vil seia ein reduksjon på berre 0,2%. Skuffande? Nei, ikkje for helseministeren.

Sanninga for oss andre er at GTT leverer så upålitelege estimat av “unødvendige” dødsfall at ein straks burde droppa den delen av målingane. Dei gjer langt meir skade enn gagn.

Deretter må ein spørja seg: Kva med den delen av GTT som måler andre «pasientskadar» enn dødsfall? Også her er det grunn til å vera skeptisk etter mi meining. I alle fall bøt me arbeida hardt for å gjera metoden meir reproduserbar og valid – og skjøneleg for helsepersonell. Kanskje det stendige maset om innbilte pasientskadar og dødsfall demotiverer og tek bort gleda ved dei små, men viktige framstega ein kan gjennomføra ved å nytta resultatmålingar og metodeforbetringar?

Her kan det vera på sin plass å nemna at ein med GTT ikkje fann teikn til nedgang i registrerte pasientskadar etter lang­varig, uthaldande og systematisk forbetringsarbeid ved ti sjukehus i North Carolina i perioden 2002-2007 (Landrigan CP & al. 2010). Heile greia var eit einaste stort slag i lufta.

Kanskje GTT måler så mykje skit og kanel at me korkje ser dei verkelege pasientskadane eller skogen av små og viktige forbetringar for berre tre? Kanskje det er meir å læra av prestasjonskulturen i topp­idrott og av å studera dei beste sjukehusa enn av å deppa over alle feila frå i går? Og kanskje eit stendig fokus på feil berre skal vera ein liten del av det store arbeidet med å gjera tenestene endå tryggare? Den dokumenterte effekten i sjukehus er i alle høve minimal. Derimot er det vist at ein med enkle tiltak, tolmodig strev, vitug resultatmåling – og heilt utan GTT – kan betra overlevinga og redusera talet på tromboemboliske komplikasjonar, sjukehusinfeksjonar, lækjemiddelfeil og kirurgiske komplikasjonar.

Kanskje det er tid for å retta det kritiske blikket oppover i systemet, mot Kunnskapssenteret og helsebyråkratiet og laga ein eigen Trigger Tool for dei? Aktuelle nøkkelord kunne vera:

  • Takk for godt innspill, men
  • Tallene i seg selv er ikke så viktige
  • Helseministeren har full tillit til direktøren
  • Foretaket har en god dialog med de ansatte
  • Vi er på rett vei
  • Arbeidet fortsetter langs de samme hovedlinjer

Fig. 1: Heller ikkje pasientane festar lit til påstandane om at 16% av norske sjukehuspasientar blir påført skade. Dette er det området dei er mest nøgde med, og meir enn 90% av dei svarar nei på spørsmålet: «Mener du at du på noen måte ble feilbehandlet av sykehuset (etter det du selv kan bedømme)?» Kjelde: PasOpp rapport Nr 3 – 2012