Arbeidet med ein global handlingsplan mot antimikrobiell resistens

Frode Forland, MD, DPH, Prosjektleiar Global helseberedskap og AMR, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Avdeling for internasjonal folkehelse

Bakgrunn

Problemet med antimikrobiell resistens (AMR) har i løpet av få år fått stor interesse både nasjonalt og internasjonalt. Vår eigen helseminister har omtalt problemet som helseten­esta si klimautfordring 1. AMR trugar ikkje berre behandling av epidemiar og klassiske infeksjonssjukdomar, men vil og kunne setje moderne kreftbehandling, protesekirurgi og transplantasjonskirurgi mange tiår tilbake.2 Nokre land har gått føre og vore leiande i kampen mot antibiotikaresistens internasjonalt, blant andre Nederland, Sverige, Storbritannia og Norge. Andre område av verda har dei største utfordring­ane, som Asia og Midt-Austen. Sjukdomar, mikrobar og resistente mikroorganismar flyttar seg over landegrensene med folk og dyr og mat som reiser.

Under det store E-coli utbrotet i Tyskland i 20113 såg vi korleis eit utbrot i eitt land raskt fekk internasjonale forgrein­ingar og konsekvensar. Det starta i Tyskland, spreidde seg til Frankrike, ein trudde lenge at det kom frå England, men så fekk agurkane frå Spania skulda. Det viste seg å vere Egypt som var landet bønnespirene med E-coli bakteriar kom frå. DNA koden som gav oppklaring av utbrotet vart analysert i Kina. Det som starta som eit lokalt utbrot vart på få veker ei internasjonal folkehelseutfordring som inneheldt alt frå DNA diagnostikk og høgspesialisert intensivbehandling til inter­nasjonal landbruks- og handelspolitikk. Problemet med antibiotikaresistens inneheld mange av dei same elementa.

Under verdas helseforsamling i 2010 var eg på eit såkalla side arrangement om antibiotikaresistens. Det var Sverige med professor Otto Cars i spissen som hadde tatt initiativ til møtet. Møtet blei arrangert i eit stort rom med plass til mange, men det var berre nokre få land som var der, kanskje det var totalt 20 personar i rommet. Fire år seinare under verdas helseforsamling i 2014 var antibiotikaresistens igjen på dagsorden, både på den offisielle og som eit nytt side arrangement, denne gongen i eitt av dei største møteromma i FN palasset i Genève. Arrangør var igjen Sverige, saman med Nederland, Storbritannia og Ghana m fl. I år var møterommet stappfullt av folk, med representantar frå frivillige organisasjonar, statsleiarar, professorar og helsebyråkratar frå alle verdas land. Dei var der for å drøfte korleis ein kan stoppe ein av vår tids største truslar mot moderne medisin. Det var over 300 personar i rommet, – folk stod langs veggane. Generaldirektør Margret Chan frå WHO var også der for å understreke alvoret i situasjonen. Enno er det slik at nokre land slit med overforbruk av antibiotika, mens andre ikkje har tilgang på effektive legemiddel til ein akseptabel kostnad for sine innbyggjarar.

Prosess og Metode

Under den same helseforsamlinga, i mai 2014, blei resolusjon 67.25 om AMR vedtatt.4 Resolusjonen ber WHO om å utarbeide ein Global handlingsplan mot antimikrobiell resistens inkludert resistens mot antibiotika. I resolusjonen blir WHO bedt om å ta leiarskap og legge fram eit forslag til global handlingsplan til drøfting for neste års helseforsamling. For å utarbeide planen er det etablert ein omfattande prosess. Som ledd i denne prosessen vert det i 2014 bl.a. arrangert fire konsultasjonsmøter for å utvikle fleire delområde av handlingsplanen, for å skape eit eigarforhold til prosessen og problemstillingane og for å prøve å skape konsensus om korleis nødvendige tiltak kan implementerast i ulike sektorar og i ulike delar av verda. Det første av desse møta vart arrangert i Nederland i juli 2014 og hadde fokus på bruk av antibiotika i landbruk, dyrehald og matproduksjon. Det andre møtet som var planlagt i Brasil i slutten av oktober er førebels utsett pga Ebola epidemien, men skulle ha utvikling av nye legemiddel, forsking og innovasjon som tema. Det tredje møtet vert arrangert i Oslo 13 -14 november og har bruk av antimikrobielle midlar i humanmedisin som tema. Til møtet i Oslo er 40 land og ei rekkje internasjonale organisasjonar inviterte, i tillegg til ca. 20 norske ekspertar innanfor mikrobiologi, helseforetak, primærmedisin, veterinærmedisin og helseforvaltning. Norge arrangerer dette møtet saman med Frankrike, Senegal, Sør-Afrika, Thailand, Indonesia og Brasil. Det siste møtet skal vere i Sverige i desember med tema diagnostikk og overvåk­ing av antibiotikaresistens. Konklusjonane frå desse møta vil bli brukte som innspel til den endelege prosessen med å ferdig- stille den globale handlingsplanen som først skal drøftast på WHO sitt styremøte i januar 2015, og så vonaleg bli vedtatt på neste års generalforsamling for WHO i mai 2015.

Resultat

I denne artikkelen vil eg kort presentere resultata (inn­haldet) av det utkastet til handlingsplan som er lagt fram av WHO,5 og forslaga til konklusjonar frå drøftingsmøtet i Oslo om bruk av antimikrobielle midlar i humanmedisin.

Den globale handlingsplanen understrekar at AMR kan ha store konsekvensar for pasientar og familiar, ikkje minst i lavinntektsland der luftvegsinfeksjonar, malaria, HIV og diare framleis er blant dei viktigaste årsakene til for tidleg død. Helsepersonell har ei vital rolle i å sikre at antimikrobielle midlar framleis vil vere verksame i mange år framover. Feil bruk og overforbruk av antimikrobielle midlar er ein av hovudårsakene til resistensutvikling. Planen tar og opp korleis ein kan ansvarleggjere aktørane i landbruk og matproduksjon, – både med tanke på dei som arbeider med dyr, plantar og fisk, og i høve til forbrukarperspektivet. Vidare vert rolla til politiske styresmaker og andre som fattar vedtak om økonomi og samfunnsutvikling drøfta. Berre i Europa reknar ein med at om lag 25 000 dødsfall skjer årleg pga AMR. I tillegg til menneskeleg liding og død har dette også store økonomiske konsekvensar. Legemiddelindustrien har hatt få og små insentiv til å utvikle nye antibiotika dei seinare åra, og såleis har ingen nye klasser av antibiotika kome til sidan 1987. Tradisjonelle investeringsmodellar har feila for dette feltet der ein ønskjer nye produkt utvikla, men som ein etterpå helst ikkje skal bruke.

Handlingsplanen baserer seg på seks prinsipp:

  • Heile samfunnet må engasjerast
  • Tiltak må baserast på beste tilgjengelege kunnskap
  • Førebygging er betre enn behandling
  • Ein må sikre tilgang og ikkje overforbruk
  • Tiltak må vere berekraftige og integrerast i helsesystemet
  • Implementering må skje gradvis og gjennom målbare indikatorar

Planen tar for seg fem hovudmål og foreslår ansvars­plassering av tiltak for kvart medlemsland, for WHO og for andre internasjonale organisasjonar og partnarar.

  • Hovudmål 1. Forbetre kunnskap og forståing for anti­mikrobiell resistens gjennom effektiv kommunikasjon, utdanning og opplæring
  • Hovudmål 2. Forbetre kunnskapsgrunnlaget gjennom forsking og betre overvaking
  • Hovudmål 3. Redusere insidens av AMR gjennom betre hygiene og infeksjonskontroll
  • Hovudmål 4. Optimalisere bruken av antimikrobielle ­midlar i human- og veterinærmedisin
  • Hovudmål 5. Utvikle nye forretningsmodellar for å ­stimulere til nye medisinar, diagnostiske verktøy, vaksiner og andre intervensjonar.

Oslo møtet har som målsetting å støtte WHO sitt arbeid for å stimulere til meir forsvarleg bruk av antimikrobielle midlar i helsetenesta, utvikle strategiar og handlingsplanar for å redusere uansvarleg bruk, samstundes som ein sikrar tilgang av effektive legemiddel til dei som treng det. Formålet med møtet er å kome frå ord til handling. Under følgjer forslag til konklusjonar frå Oslo møtet.

Tiltak for å regulere produksjon, sal og bruk:

  • Utvikle tiltak for å sikre kvalitet av antibiotika i produksjon, lagerhald og sal
  • Utvikle og implementere kunnskapsbaserte retningslinjer for forebygging og behandling som tar opp i seg lokalt resistensmønster
  • Helsepersonell må ta eit større ansvar i opplæring og ­kommunikasjon om AMR i møte med pasientar og ­samfunn
  • Marknadsføring og økonomiske incentiv for auka sal av antibiotika bør ikkje forekome
  • Antibiotikaforskriving bør berre skje av utdanna helse­personell 
  • Avfall frå produksjon av antibiotika må ikkje sleppast ut i miljøet
  • Internasjonale organisasjonar og dei som produserer ­antimikrobielle midlar må aktivt delta i kampen for å få slutt på falske substandard legemiddel

Tiltak for å sikre tilgang på antibiotika

  • Tilgang på effektive vaksiner, diagnostika og antibiotika er eit ansvar for alle land
  • Nye metodar for ansvarleg distribusjon og forskriving av antibiotika må utviklast for å sikre tilgang i land med svake helsesystem

Frå ord til handling på nasjonalt nivå

  • Alle land har ansvar for å involvere relevante interessentar i å utvikle nasjonale handlingsplanar mot AMR
  • Nasjonale handlingsplanar må bygge på prinsippa i ‘one health’ som inneber at menneskehelse, dyrehelse og miljøhelse heng saman
  • Nasjonale tiltak må ta for seg alle aktørar i kjeden frå ­produksjon til bruk; industri, apotek, helsepersonell og pasientar
  • Tiltak for å betre hygiene, infeksjonskontroll, tilgang på reint vatn og avfallshandtering må inngå i nasjonale planar

Frå ord til handling på internasjonalt nivå

  • Sterkt og varig internasjonalt samarbeid er nødvendig for å oppnå måla i ein global handlingsplan
  • Bruk av ein rammekonvensjon som for tobakkskontroll bør vurderast som tiltak
  • Internasjonale partnarar og aktørar i kampen mot AMR må identifiserast, og roller og ansvarsområde må definerast
  • Bruk av det internasjonale helsereglementet kan vere eit effektivt verkemiddel for å implementere den globale handlingsplanen
  • Ikkje medisinske tiltak som tilgang på reint vatn, god ­hygiene og avfallshandtering er viktige tiltak for å førebygge infeksjonar og redusere bruk av antibiotika

Drøfting

Vil desse tiltaka hjelpe? Har WHO verkemiddel og slagkraft til å kunne gjennomføre dette?

Det har vore skrive mange ord og planar dei seinare åra for å få bukt med resistensproblematikken. Ord som klimakrise og ein stille pandemi er blitt brukt6. Kva for verkemiddel skal ein ta i bruk lokalt, nasjonalt og internasjonalt for å stoppe utviklinga? WHO har blitt kritisert av mange for ikkje å ha handtert Ebola-utbrotet på ein effektiv måte. Er det nødvendig å opprette ein ny tverrgåande organisasjon under FN kontroll med særskilt fokus på AMR, slik FN har gjort for å nedkjempe Ebola- epidemien?7 Kan ein bruke det internasjonale helsereglementet som er vedtatt av alle verdas land i kampen mot AMR? Regelverket stiller krav om at alle land skal vere førebudde, kunne oppdage, varsle og hand­tere utbrot av smittsame sjukdomar og andre større helsetruslar av nasjonal og internasjonal betydning?8

AMR påverkar også den globale helsetryggleiken i verda, både med tanke på normal spreiing av resistente mikrobar, men og knytt til planlagt spreiing av mikrobar med vond vilje som del av biologisk krigføring eller bioterror. I den store satsinga ‘Global Health Security Agenda’ 9 er AMR eitt av dei viktige innsatsområda.

Desse og fleire spørsmål vil bli drøfta i Oslo konsultasjonen om Den globale handlingsplanen, og vidare i det neste halv­året fram mot verdas helseforsamling i Geneve i 2015. Eit breitt engasjement frå mange aktørar, politikarar, lege­middelprodusentar, helsepersonell og pasientar er nød­vendig for å kome frå ord til handling. Det er nødvendig no! •

  1. http://www.dn.no/meninger/debatt/2014/09/28/2048/Helse/helsesektorens-klimakrise
  2. Smith, R., Coast, J. 2013. The true cost of antimicrobial resistance. Bmj 346, f1493.
  3. Friedrich AW. Enterohaemorrhagic Escherichia coli O104:H4: are we prepared now?. Euro Surveill. 2011;16(31):pii=19938. Available online: http://www.eurosurveillance.org/ViewArticle.aspx?ArticleId=19938
  4. http://apps.who.int/gb/ebwha/pdf_files/WHA67/A67_R25-en.pdf?ua=1&ua=1
  5. http://www.who.int/drugresistance/memberstatemeeting/en/
  6. http://www.extrakt.se/debatt-opinion/den-sjukvard-vi-tar-for-given-kommer-forandras-i-grunden/
  7. http://www.un.org/ebolaresponse/mission.shtml
  8. http://www.who.int/ihr/9789241596664/en/
  9. http://www.globalhealth.gov/global-health-topics/global-health-security/ghsagenda.html