Ytringsfridom og taushetsplikt
Gjennom arbeidet med kliniske etikk-komitear i helsetenesta har eg lært mykje om kompleksiteten i dagens medisinsk etiske spørsmål og også kor ekstremt belastande det er for kolleger å framstå i media på ein negativ måte.
I nokre tilfelle er det godt grunnlag for ei negativ eksponering. Då må vi støtte oss på kolleger og ordne opp i eige bu. Men i nokre tilfelle er mediaframstillinga einsidig og lite opplysande.
Legar og journalistar – like og ulike
Legar blir ofte framstilt som intelligente, idealistiske og sjølvhøgtidelege, ute av stand til å vedgå feil. Dei samme merkelappane kan ein setje på journalistar. Begge yrkesgruppene har eit gjennomarbeidd etikk-regelverk. Men dei verdiane som blir sett i høgsetet er ulike for dei to profesjonane. I etiske reglar for legar er det tre verdiar av relevans for samhandling mellom legar og media.
Den første handlar om teieplikta som er grunnleggande for tillita mellom legen og pasienten. I kapittel 1, § 4 står: En lege skal bevare taushet og vise diskresjon overfor det hun/han får vite som lege. Den etiske plikt til taushet og diskresjon kan være mer omfattende enn den lovgitte.
Den siste setningen er verd å merke seg. Det er altså ikkje slik at all pasient- informasjon som er juridisk akseptabel å gå ut med, kan forsvarast etisk. I ei medieeksponert sak med høgt konflikt- nivå kan det bli fremja påstandar som er feil og krenkande, og som urettvist øydelegg tillita til helsetenesta. Sjølv om vi blir fritekne frå teieplikta, vil oppklarande informasjon om pasienten eller pårørande kunne vere kompromitterande, og den strenge etiske tolkinga av teiplikta vil hindre oss i å ytre oss. Dette kjem i konflikt med § 11 som framhevar informasjonsplikta: En lege bør etter sine forutsetninger medvirke til at almenheten og myndigheter får saklig informasjon om medisinske spørsmål. Men omsynet til teiplikt og pasient og pårørande må overstyre informasjonsplikta. Der det er mogeleg, må feilframstillingar rettast opp med generell, pasientuavhengig informasjon.
Rettferdsidealet taper
Den tredje relevante etiske regelen, § 12, startar slik: En lege skal i sin virksomhet ta tilbørlig hensyn til samfunnets økonomi. Unødige eller overflødig kostbare metoder må ikke anvendes… Denne kjem ofte på strekk når pasientar etter intens medieeksponering, får dyr eksperimentell behandling eller plagsom livsforlengande behandling. Ei medieeksponering har sterke verknader sjølv der demokratisk vedtekne prioriteringsreglar må settast til side. Rettferdsidealet taper, ein sentral verdi i velferdsstaten så vel som i profesjonsetikken.
Hos media er ytringsfriheitsidealet det overorda. Pressa sine eigne etiske reglar pålegg media å avdekke kritikkverdige forhold og å verne den svake mot maktovergrep. I media si verd er legar maktpersonar. Samstundes skal ein ifølgje Vær varsomplakaten § 4.1 ta omsyn til saklegheit og omtanke i innhald og presentasjon. Det er viktig her å minne om at media ofte har sett søkelys på etiske verkebyllar som vår eigen profesjon ikkje har greidd å åpne. Døme på dette er samhandling mellom legar og legemiddelindustri, feil takstbruk av økonomiske interesser og feil og slendrian med påfølgjande pasientskade.
Media vil ha enkeltsaker
Fokus på enkeltsaker gir klare og sterke bodskap. Men ofte forenklar tabloidiseringa kompliserte etiske dilemma, og historiene deler ute skurke- og helgen-rollar. Slike vinklingar er sterk krut, og dei påverkar ofte både aktørar i klinikken og på politisk nivå. I slike saker blir lett media den sterke mannen sin advokat, eit mikrofonstativ for dei som allereide har ei sterk stemme. Ressursar som går til desse, blir tekne frå noko anna. Når nokon får, er det andre som ikkje får. Media blir granskar, aktor og (partisk) dommar.
I etikkarbeidet må alltid normative konklusjonar baserast på balanserte fakta og ei avveging av ulike interesser. Det er derfor «samtidig imøtegåelsesrett» er eit så viktig prinsipp i presseetikken. Ved sterke skuldingar er det ei plikt å la alle dei impliserte komme til orde. Men det er her problemet med teieplikta kjem inn. I noen saker er mediedrevet så sterkt at det er ikkje mogeleg å oppnå eit balansert bilde, særleg når journalisten har sterke eigeninteresser i framstillinga. I nokre tilfelle kan informasjonsavdelinga bidra til å skjerme aktørane i mediedrevet, men i nokre tilfelle kan denne skjerminga opplevast som at dei som kjenner saka best får taleforbod, når dei kunne og ville bidra til ei nyansering av bildet. Det er mitt inntrykk at balansegangen mellom skjerming og pålagt taleforbod er eit tema som kunne settast på dagsorden. For å hindre at gode helsepersonell går til grunne i mediestorm, eller blir redde og unngår konfliktar og nødvendige konfrontasjonar, må leiinga også aktivt støtte utsett helsepersonell. •