Voss sjukehus – «ei lys framtid ?»

Jammen var det stas å bli utfordra av «Overlegen» på fylgjande: «Vi har alle inntrykk av at på Voss sjukehus går det bra trass i at Voss er veslebror til Haukeland. Stemmer det at det er «god stemning» på Voss?»

Innlegg av Olav Lødemel, overlege og ass.direktør, Voss sjukehus.

Voss sjukehus har hatt eit godt tiår sidan Foretaksreformen vart innført i 2002. Som del av Helse Bergen HF saman med Kysthospitalet Hagavik og Universitetsklinikken Haukeland sjukehus har det vore sterk vekst i aktivteten ved sjukehuset. Det har utvikla seg langt større tillit mellom Voss og Bergen og det er no for tida eit tett samarbeid mellom oss. Eg vil påstå at «den gode steminga» på Voss kjem nettopp av at vi er veslebror til Haukeland der alt vi kan bidra med for å avlaste hovedhuset blir sett på som positivt.

Stabile tilhøve over tid gir tillit hos dei unge legane. Det har medført at dei tørr å satse på Voss. Dei kjøper seg hus og heim, får barn og blir etablert. Jamt og trutt har vi auka bemanninga frå seks til åtte til ti turnuslegar og fått fleire legar i spesialisering (LIS) innan ortopedi, kirurgi, indremedisin, anestesiologi, radiologi og gynekologi/obstetrikk. Spesialitetskomiteane har vore nøgde og turnuslegerapportane rangerer sjukehuset høgt.

Stabile tilhøve over tid gir tillit hos dei unge legane. Det har medført at dei tørr å satse på Voss. Dei kjøper seg hus og heim, får barn og blir etablert.

Etter modell frå til dømes Volda har vi rekruttert framtidige spesialistar tidleg i deira karriere ved forpliktande avtalar om utdanningsløp i samarbeid med Haukeland sjukehus. Det har medført at vi har klart å utdanne fire unge ortopedar og tre unge kirurgar er på veg til å bli greinspesialistar. Om nokre få år er det fire unge gynekolog­ar. Slik jobbar vi innan alle spesialitet­ar og byrjar no verkeleg å få betalt for innsatsen.

Eit større fagmiljø viser seg gjennom større fagleg aktivitet med fleire legar i gang med forskningsprosjekt med mål om doktorgrad. Voss sjukehus har også fått ansvar for Nasjonalt kvalitetsregister for fedmekirurgi og sjukehuset har fått «funksjonsfordelt» fedmekirurgien i foretaket sidan 2008.

«Stedlig ledelse»

Det var direktør Rolf Abrahamsen som var hovudgrunnen til at eg sa ja takk til jobben tilbake hausten 2003. Hos han var det framtidstru og god stemning! Same mann er framleis direktør etter fjorten år. Det må vere norsk rekord? Rolf er definisjonen på «stedlig ledelse». Hjartet hans brenn for lokalsjukehuset. Klart og tydeleg har han stått på for sjukehuset i alle fora han er med i. Det er ikkje lett å vise att som ein av 32 «direktørar» rundt sjefen i Helse ­Bergen sitt bord. Då blir det lett mykje om Haukeland og lite om Voss. Rolf har gjort mange kloke val om når og korleis han skulle ta opp viktige saker for «foretaksleiinga» i Bergen og på den måten klart å få fokus på våre behov.

Lokal strategi

Voss sjukehus vart ein del av Helse Bergen HF i 2002 saman med Kyst­hospitalet Hagavik og Universitets­klinikken Haukeland sjukehus. Å bli ein del av noko større der Voss sjukehus vart ei avdeling av Universitets­klinikken har vore heilt avgjerande for den positive utviklinga på Voss. I 2003 var det sterkt fokus på fagleg integrasjon mellom store og små sjukehus som resulterte i konkrete avtalar mellom Voss sjukehus og avdelingar på HUS innanfor pediatri, gynekologi og obstetrikk, anestesiologi og kirurgi for å nemne nokre fag. Sjakktrekket til Helse Bergen HF var likevel å behalde lokal direktør på Voss og med avdelingsoverlegar innan dei kliniske faga på lokalsjukehuset.

Eg hugsar godt første gongen dåver­ande viseadministrerande direktør Stener Kvinnsland hausten 2004 kom til Voss og «leste oss teksten». Stener var tydeleg på at leiinga i foretaket tok styringssignala frå RHF og Styret i Helse Bergen HF på største alvor. Det skulle ikkje vere nye omkampar om akuttfunksjon og fødeavdeling. Tvert om! Men det måtte vere same krav til aktivitet og kvalitet i behandlinga på Voss som på Haukeland. Og ein måtte berre gløyme å gå tilbake til ordning der lokalsjukehuset skulle vere «sjølvstendig». Frå no av var Voss ein del av ei større eining.

Stener Kvinnsland var leiar i arbeidsgruppa for «Strategi for utvikling av Voss sjukehus fram mot 2020». Når eg blar i rapporten frå november 2005 gir rapporten eit solid inntrykk. Demografi og pasientstrumar er analyserte, og ein har systematisk gått gjennom kva sjukehuset utfører av behandlingar. Basert på dette blir det laga ein plan for framtidig utvikling. Det var ikkje småtteri ein såg for seg! Stener snakka mykje om robuste ordningar som ikkje var avhengige av kun eit fåtal legar. Utviklinga innan kirurgi ville medføre at «generell kirurgar» vart bytt ut med ortopedar og gastrokirurgar. Med andre ord ville vi få trong for ei dobling av spesialistar innan ganske kort tid: frå fire til åtte spesialistar som eit minimum for å dekke to separate bak­vaktsjikt. I tillegg skulle vi ha fire anestesiologar, fire radiologar, fire gyne­­ko­logar samt fleire spesialistar i dei indremedisinske fagområda.

Sjølv var dette mi største bekymring då eg byrja i 2004. Korleis i huleste skulle ein klare å få rekruttert så mange legar til Voss?

God steming

Det er her «den gode steminga» kjem inn. Vossabygda gir ein god klang hos mange. For sjukehuset er det ein klar fordel at mange unge faktisk kan tenke seg å flytte til bygda. Ekstremsport, friluftsliv, idrett og kultur står sterkt. Å bu på Voss er kult! Siste tiåret har det også blitt kult å jobbe på sjukehuset, og det få rekrutteringsvanskar på legesida i det heile teke. Faste stillingar for andre yrkesgrupper er det lange søkjarlister til. Voss sjukehus rekrutterer godt!

Det har vore stas for Voss sjukehus at vår organisering blir nytta som døme på eit mogleg alternativ til sentralisering av akuttkirurgien.

I 2004 var det ein fast ortoped som og var generell kirurg og to gastro­kirurgar med generell kirurgisk kompetanse og ein plastikkirurg med generell-kirurgisk kompetanse. Desse fire utgjorde vaktteamet! No i 2015 er det fem ortopedar og snart fire gastrokirurgar og vi har klart kunststykket å få til robuste vaktlag i ortopedi og kirurgi. I tillegg har me gått frå fire overlegar i indremedisin til sju legar som dekkar lunge, kardiologi, gastroenterologi, hematologi og nefrologi samt generell indremedisin. Me har 10 turnuslegar, seks LIS i kirurgi/ortopedi og seks LIS i indremedisin samt LIS i gynekologi, anestesi­ologi og radiologi. Sånn omtrent 52 årsverk innan somatikk på Voss sjukehus per i dag. Totalt er det rundt 450 tilsette ved sjukehuset. Det er mykje å seie om fag og kompetanseutvikling innan alle andre fagområde og profesjonar også, men det rekk eg ikkje her.

Korleis har me fått det til ?

Tøffe val og hard prioritering er svaret. Direktøren har måtta prioritere akuttfunksjonane og av den grunn kutta ut ØNH, urologi, redusert sengetal på intensiv i helger, nedlegge lærings- og mestrings­enter for å nemne noko. Støtte­funksjonar er blitt «sentraliserte» med færre merkantilt personale enn før. Det merkast godt!

Funksjonsfordeling er heilt avgjerande. For å få nok aktivitet på dagtid for våre legar må vi ha pasientar frå bergensområdet. Vi får overført både hofte­nære brot og radiusfrakturar frå Bergen Legevakt, samt elektive pasient­ar frå Haukeland sine vente­lister innan ortopedi og kirurgi. Til døm­es var det 55 galleoperasjonar på Voss i 2004 medan det i fjor vart utført 230 avdi gallepasientar no blir operert på Voss og ikkje på Haukeland. Voss sjuke­hus har også all overvektskirurgi i foretaket sidan 2008 og har operert omtrentleg 250 laparaskopisk gastric sleeve i år. Aktiviteten på Operasjonsavdelinga har på ti år auka frå 1700 til rundt 2950 inngrep og prosedyrer.

Dei indremedisinske faga står støtt på Voss og har hatt god rekruttering med unge spesialistar innan nefrologi, kardiologi og lungemedisin. Dei unge legane har skjønt teikninga – i går fekk eg ein e-post frå ein ung kollega. Ho jobba som LIS på eit stor sjukehus og var gift med ein vossing. «Kva for spesialitet bør eg satse på for å kunne få jobb på indremedisinsk avdeling på Voss» var spørsmålet.

Framtida

Kvalitet på tjenestene er det som vil ha størst betydning i framtida. Med medisinsk utvikling blir diagnostikk og behandling meir kompleks. Det er meir krevjande å halde oversikt for den enkelte spesialist. Det blir team som tek beslutningar i staden for den enkelte lege. Sånn er det alt i dag. Endå betre samarbeid mellom sjukehusa er nødvendig.

Nasjonal helse og sjukehusplan er på trappene. Det har vore stas for Voss sjukehus at vår organisering blir nytta som døme på eit mogleg alternativ til sentralisering av akuttkirurgien. Eg sit her og les Bent Høies opningsinnlegg på sjukehuskonferansen nyleg: «20 år med diskusjoner – hvordan skal vi utvikle sykehusene». Mykje er bra her – framtida vil handle om nettverk, samarbeid og oppgåvedeling på ulike nivå.

Men rapporten om akuttfunksjonar i 14 norske sjukehus blir brukt for meir enn den er verdt synest eg. Det er ikkje dyre og dårlege vaktordningar der kirurg­ar sit og ventar på pasienten. Vi er stolte av vaktordninga vår. Det er ein kvalitet å ikkje operere om natta, så det gjer vi kun når vi må. Vakt­ordningane er basert på heimevakt og tilkalling. Både LIS-legar og overleg­ar arbeider dagtid før og etter vakt i alle akuttfaga. Dette er ikkje dyre vaktordningar. Tvert om. Det er billig.

Eg er sterkt uroa over kva som skal skje med dei 1550 pasientane som blir lagde inn akutt på kirurgisk avdeling årleg om akuttkirurgien blir sentralisert. Skal alle i ambulanse til Bergen? Om så skjer, er eg redd det er byrjinga på slutten for dette sjukehuset. Då trur eg det blir verkelege rekrutteringsvanskar. Då blir det ikkje «god stemning» på Voss sjukehus. •

Faksimile fra Hordaland avis, 22. september 2015