Saman om framtidas utfordringar

For kvar time aukar den gjennomsnittlege levealderen vår med tolv minutt. Dette er eit enormt framsteg, men ein 70-åring forbruker om lag dobbelt så mykje helsetenester som ein 40-åring. Difor må vi endre måten vi jobbar på.

Av Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest RHF

Behovet blant kronikarar og eldre vil auke enormt. Vi må sjå på ­korleis vi organiserer oss for effektivt å levere helsetenester meir skreddarsydd kvar enkelt pasient. Pakkeforløp er eit vellykka eksempel og ei støype­skei for organiseringa av pasient­behandling innan mange fagområde.

Ulik kompetanse

Krava til kompetanse hos helse­personell vil endre seg. Vi treng nokre med breiare kompetanse, slik at dei i større grad kan sjå heile pasienten med alle sine sjukdommar. Og vi treng nokre som blir endå meir spesialiserte.

Robotar og kunstig intelligens

Teknologien gjer sitt inntog i sjukehusa i rasande fart. For eksempel Dr. Watson-teknologi, der data­maskiner hjelper helsepersonell i å stille diagnosar og finne rett behandling (kunstig intelligens). Smarte ­dataprogram som tek over rutine­arbeid og registreringar. Robotassistert teknologi innan kirurgi. Sjølvbetente løysingar der pasientar oppdaterer eigne opplysningar, og kommuniserer med sjukehuset.

Vekk med plunder og heft!

For mange legar, trur eg den største teknologiske revolusjonen, vil vere den som fjernar plunder og heft frå arbeidsdagen: Felles innlogging og sømlaus navigering mellom ulike system. For å finne dei beste løysingane for dette, treng vi at de legar engasjerer dykk og bidreg i utforminga av nye løysingar.

Rivande medisinsk utvikling

Budsjetta våre blir strammare, og det krev omstillingsevne. Eg forstår at det blir slitsamt, men slik vil det vere i all overskueleg framtid. Vi vil i større grad måtte prioritere fordi vi ikkje har råd til alt. Det gjeld ikkje minst nye, dyre medikament. Tenk gjennom kven sitt ærend de spring når de argumenterer for innføring av nye medisinar. Legemiddelfirma kan krevje akkurat den prisen dei vil for medisinane sine. Skal vi ha eit godt grunnlag for forhandling og sikre god tilgang til nye legemidlar, så må vi stå saman.

Alle må få brød for nokre kan få kake

Vi må prioritere innanfor eit fagområde, og på tvers av alle fagområde. Difor må vi sjå på kor pengane kan gjere mest nytte for seg. Legar har som regel forståing for dette, men når det kjem til praksis er det ofte ei haldning om at «Ver vennleg å halde mine pasientar utanfor.» Men som fagdirektøren vår, Baard-Christian Schem så treffande seier det «Alle må få brød før nokre kan få kake.». Vi må ha eit system som sikrar at fordelinga av ressursane blir mest mogleg rettferdig.

Vil setje oss på prøve

Ei av dei største utfordringane vi har framfor oss er å få til ei god oppgåve­deling og godt samarbeid mellom ­spesialisthelsetenesta og kommune­helsetenesta. Her står utfordringane i kø, og dei er av både juridisk, tekno­logisk og «kulturell» karakter. Andre utfordringar er eksplosjonen i livsstilsrelaterte og kroniske sjukdommar, samt auken i kreft og demens. Dette vil setje oss på prøve. Antibiotika­- resistens er ei anna dyster utfordring. Klarer vi ikkje å få bukt med dette, vil sjukdommar som i dag er nærmast utrydda ta fleire liv enn kreft i ei ikkje fjern framtid.

Berre ved å spele på lag, kan vi finne dei beste løysingane. Eg vil ha dykk med! •