Sykehuslegers arbeidsforhold 2018:

«Ånd må vinna på troll til sist»

Rambøll-undersøkjinga 2018 – ein kommentar frå hornet på veggen

Norske sjukehus hevdar seg godt i internasjonale samanlikningar. Dei presterer høg kvalitet i behandlinga – målt ved dødelighet (Hakkinen 2013; Kittelsen SAC, 2017). Produktiviteten er ikkje best i verda, men i klår betring (Riksrevisjonen 2017). Såleis ser det meste vel og bra ut frå utsida.

Av Haldor Slettebø,
overlækjar, Nevrokirurgisk avdeling, OUS

Men om ein går tettare på og kartlegg arbeidsmiljøet frå innsida, blir biletet mindre flatterande. Det har Rambøll altså gjort, på oppdrag frå Den norske legeforening, ved å stilla 66 spørsmål til fleire enn 14000 sjukehuslækjarar.

Resultat av rundspørjinga: Knapt 6000 svara, og fortalde at dei hadde eit motiverande og meiningsfullt oppdrag, godt samarbeid kring nøgde pasientar – sjølv om mange opplevde for stort arbeidspress og manglande tillit til topp­- leiinga i sjukehuset. Dette samsvarar godt med tidlegare kartleggjingar av arbeidsmiljøet i sjukehusa og med FAFO-rapporten om leiing i sjukehus (2012).

«Me treng å stogga opp og stilla oss sjølve kritiske og nøkterne spørsmål kring måten me organiserer helse­tenesta på»

Desse linene skriv eg frå Malawi der dei har 2 lækjarar pr. million innbyggjarar og 0,05 nevrokirurg pr. mill. For Noreg er tala 500 og 20, det vil seia 250-400 gonger høgare! Me ligg altså på topp i verda i lækjartettleik; ifylgje CIA berre slegne av Cuba og Monaco. Dessutan vert nordmenn rekna blant dei friskaste folkeslaga. Likevel strevar mange norske sjukehuslækjarar med for stort arbeidspress. Særleg gjeld dette unge lækjarar som går travle vakter og i liten grad har kontroll over arbeidsbelastninga. Korleis kan dette hengja i hop? Er det Parkinsons lov som styrer oss – altså at arbeidet alltid fyller den tida som står til rådvelde?

Me treng å stogga opp og stilla oss sjølve kritiske og nøkterne spørsmål kring måten me organiserer helse­tenesta på: Om overdiagnostisering, overbehandling, overkontrollering, over­dokumentasjon og overvurdering av kva faget vårt kan utretta – og om alt me gjer for at me sjølve og visse andre skal ha ryggen fri. Mykje av det me gjer i sjukehusa, skapar knapt verdi for pasientane.

Sjølv er eg blant dei mest nøgde i Rambøll-undersøkjinga eller kanskje dei heldigaste: mann over 60, utan vakter, med god balanse mellom arbeid og fritid og eit optimistisk syn på framtida. Ein som har opplevd sjukehus­miljøet som gjevande i ein mannsalder. Her får ein arbeida saman med skarp­skodde yrkesbrør og –systrer som ofte finn løysingar og er utviklingorienterte. Møta og ofte hjelpa medmenneske i kritiske situasjonar. I blant vera den som kan løysa eit problem, lindra eller trøysta. Det kjennest som å vera ein ekte deltakar i det verkeleg livet. Rett nok har også eg opplevd, for berre 5 år sidan, dei ugjennomtrengjelege glavalaga mellom grasrota og makta, – laga som gjer det umogeleg å få gjennomslag for heilt enkle og inn­lysande forbetringar.

Men eg trur, som Garborg, at «ånd må vinna på troll til sist, og vit på den varge villskap.» Til dømes den dagen me får fleire direktørar som Eivind Hansen, Haukeland universitetssjukehus. Han spår at sjukehusa vil vera «ein attraktiv arbeidsplass også i framtida, med stort fagleg utviklingspotensial, som satsar på forsking og legg til rette for spesialisering – og med mange og spanande oppgåver for framtidige lækjarar»