RHF-spalten:

Framtida er no

Dei siste 16 åra har vi arbeidd for å byggje grunnmuren og fundamentet for teknologi i sjukehusa i Helse Vest. Det har vore tunge tak, kravd mykje tolmod og store investeringar. Tida er inne for å hauste av denne innsatsen – og det til gangs.

Av Herlof Nilssen,
administrerande direktør i Helse Vest RHF

Du har vore hos fastlegen og blitt tilvist til sjukehus. Etter nokre dagar kan du sjekke statusen på tilvis­inga di på nett, og etterkvart sjå kva tid og kor du har time. Du kan lese om kva du skal på sjukehuset, kva som skjer før, under og etter utgreiinga og behandlinga du skal til, kva forsking som ligg til det du er tilvist for og kva rettar du har.

Treng du kontakte sjukehuset, eventuelt med spørsmål om å endre timen, kan du sende ei melding frå nett til avdelinga du skal til, og få svar innan ei gitt tid. Når tida for timen nærmar seg, får du sjølvsagt eit sms-varsel.

Dagen du skal av garde til sjukehuset sjekkar du praktisk informasjon om korleis du kjem deg til rett stad. I mottakinga sjekkar du inn på sjukehuset på ein stasjon og får vidare beskjed om korleis du kan finne fram til rett plass for å vente. Vegen dit er godt merkt og du kan følgje kartet på smart-telefonen din. I mellomtida har avdelinga fått beskjed om at du er på veg og dei du skal møte kan førebu seg.

Når timen din er over, kan du velje om du vil betale konsultasjonen via Vipps, du kan hente ut medisinen på resepten sjukehusapoteket allereie kan hente fram og vel heime kan du i ro og mak levere reiseoppgjeret, igjen på nett. Ønskjer du å lese journalen din er den òg lett tilgjengeleg på helsenorge.no.

«Pasienttryggleiken skal betrast og ivaretakast. Logistikken i sjukehusa skal vere til hjelp, og gjere kvardagen enklare. Pasientane skal vel heim i etterkant»

Herlof Nilssen

Trur du eg snakkar noko som ligg langt framføre oss i tid? Då kan eg forsikre deg om at dette så absolutt er notida.

Vi har arbeidd lenge på systemnivå for eit betre tilbod til pasientane, med god og forenkla kommunikasjon, kortare ventetid og ingen fristbrot. Ventetida skal blir kortare, planlegginga betre og vi tilbyr verktøy for at fleire møter til timane vi har planlagt for.

Pasienttryggleiken skal betrast og ivaretakast. Logistikken i sjukehusa skal vere til hjelp, og gjere kvardagen enklare. Pasientane skal vel heim i etterkant.

Det er no ei god stund sidan vi ­realiserte ‘ein vestlending, ein sjukehusjournal’. Alt på nett, i sanntid. Har pasienten vore innom eit sjukehus på Vestlandet, er info tilgjengeleg for den behandlaren som skal ha tilgang på andre sjukehus her.

I oktober kunne vi gratulere Haralds­plass i Bergen med eit nytt sjukehusbygg. Eit flott bygg som legg opp til gode forhold både for pasientar og medarbeidarar. Eit sjukehus som tek i bruk ny teknologi og er pilot for nye løysingar som i løpet av 2019 skal takast i bruk i alle sjukehusa våre.

Utviklinga vi no ser, skjer i rivande fart. Føresetnaden er ein god ikt-grunn­- mur av felles teknologi i regionen, bygd over mange år, i tillegg til gode og velprøvde regionale kjernesystem. Gevinsten er gode arbeidsprosessar, god pasientdialog og –involvering.

Eg starta med å teikne pasienten sine moglegheiter for ta i bruk tenester knytt til sjukehusbesøket. Ein kan gjerne følgje kvardagen til helsepersonellet på same måte. Frå dei loggar seg på smarttelefonar, tildeler seg rolle og pasientar og får gode oppdateringar i sanntid i tavle­møte på skjerm når dei kjem på vakt, til at dei enkelt og direkte får informasjon frå lab, røntgen og journal, har god oversikt over pasientlogistikk og –tilstand, kan gjere bestillingar dei treng og enkelt kan komme i kontakt med, og dele informasjon med kollegaer og andre avdelingar. Dette er situasjonen medarbeidarane våre vil møte når systema som er i testfase på Haraldsplass i dag, blir tilgjengelege for alle sjukehusa på Vestlandet.

Når ein får ny støtte til arbeids­prosesser må gamle prosesser og vanar endrast. Det er ikkje alltid like lett. Men lat meg minne om utford­ringa vi hadde, og framleis har: Samhandling og informasjonsdeling på tvers av fag, system, avdelingar og støttefunksjonar har ikkje vore bra nok. Medarbeidarane våre har brukt mykje tid på sjølve å skaffe seg overblikk og få kommunisert smart og effektivt på tvers av vakter, avdelingar og andre om pasienten sitt forløp og behandling. Informasjonen har vore å finne i ulike datasystem, på manuelle tavler, på papir og gjennom munnleg kommu­nikasjon.

Dette er ikkje den beste måten å arbeide på for nokon av oss. Ser vi framover, vil medarbeidarane våre ha forventning til vel fungerande digitale hjelpemidlar. Dei som er vaksne opp med ein smart-telefon i handa, forventar ikkje eit papir i handa og munnleg over- levering av kritisk informasjon når dei kjem på arbeid.

No møter vi dette med utprøving av løysingar slik at det blir mindre plunder og heft for alle. Vi bruker ressursane vi har i sjukehusa på ein betre måte. Mange enkeltoppgåver blir samla i planlegginga, medarbeidarar får informasjon i sanntid og på ein måte som gjer at ein kan ta gode avgjersler, unngår dobbeltinformasjon og unngår feil. Dette gir og effektiv samhandling på tvers av fag­avdelingar og støttetenester.

Du tenkjer kanskje at dette gjer vi jo på fleire sjukehus i landet. Ja, det gjer vi. Vi har sjølvsagt sett til andre sjukehus sine erfaringar. Forskjellen her er at løysingane eg snakkar om skal takast i bruk som felles løysingar i heile regionen. Det er eit kjempeløft, og eg er heilt sikker på at det er det rette løftet.

Dei siste par åra har vi arbeidd med strategiar fram mot 2035. Vi står midt i arbeidet med den regionale utviklingsplanen vår for dei neste åra. Med utviklinga vi har lagt til rette for dei siste åra er vi budde på det som skal til for å gi befolkninga gode sjukehustenester framover. Vi startar altså ikkje frå noko nullpunkt. Det er blitt lagt ned ein formidabel innsats gjennom mange år allereie.

Løysingane vi no ser og den rivande utviklinga vi er i, fortel at framtida, ja, ho er no.