No må vi skjerpe oss!

Sidan 2010 har vi arbeidd målretta med å ta ned talet på pasientskader i norske sjukehus. Pasienttryggleik har vore på dagsorden over fleire år og er eit av hovudsstyringsmåla våre frå Helse- og omsorgsdepartementet for 2019. Likevel får vi ikkje dei resultata vi vil ha. Framleis blir pasientar skada og fleire av skadane kunne vore unngått om vi hadde gjort det vi skulle. Det er ikkje godt nok!

2020-06-19T08:18:02+02:00Overlegen 4-2019|
Gå til toppen